torsdag 24. september 2009

Novelleanalyse

Da er vi over i eit nytt tema, nemleg novelleanalyse. Vi har jobba med novella "Hjemkomsten" og kurset i læreboka i dag. Heime vel elevane ut eit verkemiddel dei liker, skriv om det og knyttar det til tekstdøme og tema. Fleire meinte novella var trist, men stadig aktuell. Kva meiner du?Mange blei fascinert av omgrepet "trollspeilet" som blir brukt fleire gonger i teksten. Kva meiner ein med det?

torsdag 3. september 2009

Blogg, wiki og individuell mappe i fronter for 2stD

Nå har vi begynt å lese islendingesagaen Gunnlaug Ormstunge. Sagaen kan bearbeidast på ulike arenaer. Elevane vel heilt etter kva dei tykkjer passar best sjølv i høve til eige læringsutbytte. Eg er spent på korleis dette vil gå, og håpar det blir inspirerande for klassa å jobbe med delar av pensum på denne måten.

Lykke til!